Bruk telefonen: – Om du trur du kan vera smitta av Korona-viruset må du ikkje oppsøke legekontor eller sjukehus. Du må ringe fastlegen eller legevakt, seier kommuneoverlege, Kine Jordbakke.

Kommuneoverlegens råd for å hindre spreiing av koronaviruset

Kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, kjem med tre råd for å hindre spreiing av koronaviruset.

– Mine tre hovudbodskap er å vaske hendene, og ha god hoste- og nysehygiene, følgje anbefalingar og retningsliner frå norske helsemyndigheiter, og ikkje vere redd. Dette viruset er ikkje så mykje farlegare enn å ha influensa, seier Jordbakke.

Koronaviruset

SARS-CoV-2 er viruset som forårsakar utbrotet av sjukdomen covid-19.

Viruset er i slekt med eit anna koronavirus som var årsaka til utbrotet av SARS-epidemien i 2002 og 2003, men er ikkje det same viruset.

Har du spørsmål om det nye koronaviruset? Om du ikkje finn svar på fhi.no, så kan du ringe 815 55 015. Viss du trur du kan vera smitta, så ring fastlegen. Dersom du ikkje får tak i fastlegen, så ring legevakt: 116 117.

Sjukdomen smittar mellom menneske.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Annleis for helsepersonell

Kommuneoverlegen fortel at det er folkehelseinstituttet og helsedirektoratet sine retningsliner som skal følgast. Personar som ikkje fyller kriteria for smittefare skal ikkje teste seg. Dei som må teste seg skal anten ha vore i smitteområda fastlands-Kina, Hongkong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea eller dei italienske områda Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto, eller ha opphalde seg med nokon som har vore i desse områda. I tillegg til å ha akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av følgjande symptom; hoste, vera kortpusta eller ha feber. Desse må også ha kome i løpet av dei 14 siste dagane etter ein har vore i områda nemnt ovanfor.

– For helsepersonell er det annleis. Helsepersonell som har vore i desse områda skal vera heime i 14 dagar med tilbakeverkande kraft frå 17. februar. Nav dekkjer sjukepengar, seier Jordbakke.

Ingen har antistoff mot viruset

– Om du trur du kan vera smitta av koronaviruset må du ikkje oppsøke legekontor eller sjukehus. Du må ringe fastlegen eller legevakt, seier kommuneoverlegen.

Ho forklarar at når det kjem eit heilt nytt virus har ingen i befolkninga antistoff mot viruset, så då blir alle smitta sjuke.

– Dei aller fleste får ei lett forkjøling eller vil ikkje merke det i det heile teke. Eg er ikkje redd for friske folk som blir smitta, men om eldre og personar som alt er svekka frå før av blir smitta, så kan dei bli sjukare, seier Jordbakke.

Ringverknadar om alle blir sjuke samtidig

– Målsetjinga er at ikkje alle i Noreg skal bli sjuke på ein gong. Det vil få ringverknadar og kan føre til utfordringar med bemanning i mellom anna helsesektoren. Om ein jobbar i helsetenesta, anten det er privat eller kommunalt, gjeld reglane for helsearbeidarar. Dei som er i tvil om dei går inn i kategorien arbeid i helsetenesta kan kontakte kommuneoverlegen, seier Jordbakke.

Ho håpar framleis å styre unna ein pandemi eller epidemi. Ho trur det har noko å seie kor seriøst ein tek anbefalingane og driv smitteførebygging.

– Alle i helsevesenet og befolkninga elles har ei viktig oppgåve og eit ansvar i å følgje retningslinene som gjeld dei. Gjer ein ikkje det, så kan det gå utover kapasiteten på helsepersonell i tillegg til pasientar som ikkje burde bli smitta, seier kommuneoverlegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jordbakke meiner helsepersonell burde tenke seg om og eventuelt ta ferieturen ein annan gong om dei har reiseplanar til område med høg smittefare.

– Alle kommunar har ein pandemiplan. I Seljord kommune har me estimert med 120, i verste fall 200, sjuke ved ein pandemi. Dette er bare eit estimat, og svært usikre tal, seier ho.

Mange kommunar har testa

Fylkeslege i Vestfold og Telemark, Bjørg Klemetsdal, har ikkje oversikt over alle i fylket som har blitt testa for koronaviruset. Ho fortel måndag ettermiddag at det ikkje er nokon som er smitta i vårt fylke. Fylkeslegen skal informerast om positive testar, men har ikkje motteke nokon ennå.

– Det er mange kommunar i Vestfold og Telemark som har testa innbyggarar, men så langt har ingen testa positivt på covid 19, seier Klemetsdal.