Vest-Telemark tingrett

Vesttele tiltalt for mishandling, vald og trugslar mot tidlegare sambuar og tre barn

Saka mot mannen i 30-åra startar i Vest-Telemark tingrett 8. februar.

Ein vesttele i 30-åra er tiltalt for gjenteke trugslar, mishandling, samt vald og andre krenkingar av sin tidlegare sambuar, hennar to barn og deira eine felles barn. Ifylgje tiltalen utøvde vesttelen både psykisk og fysisk vald mot sambuaren og barna ved ei rekke høve over ein femårsperiode, frå 2014-2019.

I tiltalen heiter det at mannen mellom anna slo sambuaren i andletet, hovudet og kroppen med både flat og knytt hand, sparka henne i magen, lugga henne, beit henne og tok kvelartak på henne. Han skal også ha kome med fleire trugslar mot sambuaren, inkludert drapstrugslar og trugslar om å ta eige liv om ho gjekk frå han, samt kontrollert kva sambuaren føretok seg på telefon, nettbrett og sosiale medium. Mannen kom ifylgje tiltalen med jamlege skuldingar om utroskap og uttalte at sambuaren fortente det etter å ha slege ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen skal også ha mishandla deira felles barn og kvinnas to barn frå tidlegare. Mishandlinga mot sambuarens barn starta også i 2014, medan mishandlinga mot parets felles barn skal ha starta då det var eitt år gamalt. Ifylgje tiltalen skal mannen regelmessig ha dratt barna i armane og øyro, samt skrike til dei. Han skal også ha løfta og rista parets felles barn kraftig.

I tillegg til tiltala for vald, mishandling og trugslar, er vesttelen tiltalt for å urettkomen ha logga seg inn på kontoar tilhøyrande sambuaren på sosiale medium og lese meldingane hennar utan samtykke, samt fem brot på besøksforbod mot sambuaren mellom august og november i 2019.

Strafferamma for det mest alvorlege tiltalepunktet, vald, mishandling og trugslar i nære relasjonar, er fengsel opp til seks år. Dei to andre tiltalepunkta har strafferammer på høvesvis eitt og to års fengsel.

Det er sett av tre dagar til rettsaka i Vest-Telemark tingrett, frå 8.-10. februar. Politiadvokat Hanne Solheim er aktor i saka, medan Knut-Eldar Eitran er forsvarar for den tiltalte.

– Eg har ikkje høve til å kommentere noko. Me er ikkje heilt i mål med strategien, og har ikkje diskutert korleis me skal stille oss til media, forklarar Eitran.