Regjeringen har gitt Statens vegvesen oppdraget med å gjennomgå rutinane i tunnelar. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Vegvesenet skal vurdere gjeldande rutinar i tunnelane i landet

Statens vegvesen skal sjå på gjeldande rutinar i tunnelane i landet. Årsaka er ulykkene som nyleg skjedde i Trodalstunnelen og Fjærlandstunnelen.

Det var 30. juli at ein stein knuste ein bil i Trodalstunnelen på E39 i Masfjorden. Dagen etter vart ingen skadde då ein bil køyrde inn i ein meterstor stein som hadde falle ned frå tunneltaket i Fjærlandstunnelen i Sogn.

– Noreg er eitt av landa i Europa som har flest tunnelar. Det skal samtidig vere trygt å ferdast på norske vegar. Statens vegvesen har rutinar for å avdekkje og førebyggje farlege hendingar i tunnelane. Men når det oppstår situasjonar som dei i Trodalstunnelen og Fjærlandstunnelen nyleg, er det naturleg med ein gjennomgang av rutinane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har gitt Statens vegvesen oppdraget om å gjennomgå rutinane. Vegvesen har frist til 1. september med å gi tilbakemelding. Deretter skal Samferdselsdepartementet gå gjennom innspela frå etaten.

(©NPK)