Illustrasjonsfoto

Vegen merkar den kalde vinteren. – Køyr forsiktig

Etter ein lang, kald vinter er det mykje telehiv i store delar av fylket.

Telehiv fører til at det mange stader både er ujamn veg og sprekker i asfalten på våre fylkesvegar, seier Borgar Slørdal, seksjonsleiar for Vegdrift i ei pressemelding frå Telemark fylkeskommune.

Han oppfordrar bilistar til å køyre etter forholda når dei skal på påskeferie.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi prøver å skilte dei mest utfordrande stadene, men på fleire vegar er det telehiv over lengre strekningar, og då er det ikkje hensiktsmessig å skilte kvart enkelt punkt. Vårt råd er å køyre forsiktig og avpasse farten.

Kan gå seg til

Årsaka til at telehiv oppstår er at vegbanen blir blaut når telen i bakken slepper. Problemet kan vare nokon veker om våren, og normalt sett går setningane tilbake av seg sjølv. Det er derfor ikkje hensiktsmessig å utbetre skadane medan det framleis er teleløysing.

– Vi får ikkje gjort så mykje med dei ujamne partia som er i vegen nå, og vi veit heller ikkje kor store eventuelle permanente skader er før vegen får sett seg att, seier han.

Nokon stader vil det oppstå større sprekker i asfalten eller setningsskadar i vegkroppen som vil krevje utbetring. Det er først når våren kjem at skadeomfanget verkeleg kjem fram.

Redusert aksellast

Vegkroppen er sårbar for belastning i perioden vegen er blaut, og kan få store skader ved for stor belastning. Fylkeskommunen har derfor innført aksellastavgrensing på ein rekke mindre vegar i fylket.

–Vi har skiltet redusert aksellast og totalvektsavgrensning mange stadar for å unngå at vegane blir belasta meir enn dei toler i denne perioden med telehiv. Hensikta er rett og slett å ta vare på vegane, og å unngå unødig skade, seier Slørdal.

Her finn du ei oversikt over kva fylkesvegar det er restriksjonar på.

Kommunane kan i tillegg ta i bruk telerestriksjonar på sine kommunale vegar.