Vegard Skarprud.
Vegard Skarprud.

– Vegard har høg arbeidsmoral, er svært pliktoppfyllande og seier aldri nei til eit oppdrag

Norske landbrukstenester i Telemark har kåra Vegard Skarprud frå Kviteseid til årets avløysar.

– Vegard Skarprud er svært dyktig i arbeid med dyr, slåttearbeid og det det elles måtte vere av gardsarbeid. Han har høg arbeidsmoral, er svært pliktoppfyllande og seier aldri nei til eit oppdrag. Samtlege bønder Vegard arbeider hos er svært fornøgde med jobben han gjer på ein utmerka måte, og både bønder, dyra og administrasjonen kan kjenne seg trygge når han er på jobb, står det mellom anna i juryens grunngjeving for utmerkinga.

Då utmerkinga til årets avløysar i Telemark vart delt ut førre helg, vart det også lagt vekt på at Skarprud tar oppdrag som er akutte og vanskelege, men opptrer like roleg og stødig uansett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om han må reise langt, og det krevjast at han må bli der i mange dagar, seier han aldri nei. Vegard har eitt ynskje for året når turnusen blir sett opp, det er å få litt fri til å jakte elg og hjort nokre helger om hausten. Men det har hendt at bønder spør om han kan jobbe ei helg i jakta, og då set han jobb framfor hobby og stiller opp likevel. Vegard er ein heilt fantastisk landbruksvikar på alle måtar som me set utruleg stor pris på, rosar juryen.

Kvart fylke eller medlemslag som er knytt til organisasjonen Norske landbrukstenester (NLT) kan nominere ein kandidat til å få utmerkinga «Årets avløysar».

Det er sett ulike kriterium for å få utmerkinga, ein må ha jobba minst fem år som avløysar, ein skal vere ein god ambassadør for yrket, både internt og eksternt og ein skal arbeide sjølvstendig, ta ansvar og ha ei positiv haldning til yrket og landbruket generelt.

Dagleg leiar i Norske landbrukstenester i Telemark, Helle Solberg, fortel at Vegard er tilsett som landbruksvikar hos dei, noko han har vore sidan 1998. Landbruksvikaren trår mellom anna til om ein bonde til dømes blir sjuk eller treng akutt hjelp.

– Bønder som treng hjelp på garden eller avløysar kan også leige inn landbruksvikaren, fortel Solberg.

Juryen var sett saman av styret i Landbrukstenester Telemark og administrasjonen.

– Tilbakemeldingane frå bøndene Vegard jobbar for var også svært sentrale i utmerkinga, legg Solberg til.