Vedtok retningslinjer for kommunal bruk av Facebook

Eit samrøystes Fyresdal kommunestyre har vedteke eit framlegg til strategi og retningslinjer for Fyresdal kommune på Facebook.

Fyresdal kommune har vore på Facebook sidan 24. februar 2010. Det har ikkje vore ein skriftleg strategi for bruken der anna enn det som står i dei personalpolitiske retningslinjene.

Gjeld alle: Fyresdalpolitikarane har vedteke strategi og retningslinjer ved bruk av alle Facebook-sidene til kommunen.

– Det dukkar stadig opp spørsmål kring deling av informasjon, arrangement og aktivitetar og kommentarar kring kva og korleis vi skriv på Facebook. Fyresdal kommune treng ein strategi som i hovudsak tek for seg korleis den overordna Facebook-sida til kommunen skal brukast, men som også inneheld retningslinjer gjeldande for alle Facebook-sidene til kommunen, skriv sakshandsamar og konsulent Svånaug Dyrland Valseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framlegget som nå er politisk vedteke er innleia med å opplyse at Fyresdal kommune har éi overordna side på Facebook. Målgruppa er alle som har interesse av å fylgje med på kva som skjer i kommunen. Fellestenesta er ansvarleg for kommunen si overordna side.

Elles blir det opplyst at Gimle skule, folkebiblioteket, kulturskulen, symjehallen, Hamaren aktivitetspark og omstillingsprogrammet i Fyresdal har eigne Facebook-sider.

Målsettinga for den overordna sida på Facebook er mellom anna å informere om det som skjer i kommunen, det er ynske om å skape eit positivt engasjement blant innbyggjarane og sida skal vere med og skape eit positivt omdømme for kommunen.

I retningslinjene handlar eit kapittel om: Slik gjer vi det. Under deling av artiklar står det mellom anna: «Vi deler artiklar og saker frå til dømes NRK og Vest-Telemark blad der omtala av kommunen, våre innbyggarar eller liknande er positiv (sjølv om VTB sine artiklar er låste).

Elles under punkt om respons heiter det mellom anna: «I utgangspunktet skal vi svare på alle direkte spørsmål, om dei kjem via Messenger eller som ein kommentar til eit innlegg på sida vår. Vi er imøtekomande, uformelle (du-form) og saklege, men brukar gjerne korte dialogar. Vi skriv under med eige namn.

Innan språk er det gjeldande for alle sidene kommunen har på Facebook at det blir skrive på korrekt nynorsk, ikkje på dialekt.