Inhabil: Sonen til forslagsstillar Kjellfrid Neset (Ap) er ein av grunneigarane i Raulandsfjell alpinsenter og har økonomisk interesse av at det vert aktivitet i bakken att. Dermed er Neset inhabil i saker som gjeld alpinsenteret.
Åshild Emma Solbjør
Vedtaket om å sette ned ei arbeidsgruppe for Raulandsfjell alpinsenter er ugyldig
Benkeforslaget om å sette ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe for gjenopning av Raulandsfjell alpinsenter vart vedtatt av eit einstemmig kommunestyre i oktober. Nå vert vedtaket fjerna frå protokollen fordi det viser seg at forslagsstillaren var inhabil.
Det var i samband med handsaming av ny reiselivsstrategi i Vinje førre månad at Kjellfrid Neset (Ap) fekk med seg heile kommunestyret på eit benkeforslag om å opprette ei arbeidsgruppe for å jobbe for gjenopning av Raulandsfjell alpinsenter.
Tysdag var kommunestyret samla til møte att, og då protokollen frå oktobermøtet skulle godkjennast tok ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) ordet for å gjere kommunestyret merksame på at dei hadde gjort eit vedtak som var ugyldig.
Han forklarte at Neset er mor til ein grunneigar som eig store delar av nedfarten i alpinbakken. Denne grunneigaren har fått festeinntekter frå aktiviteten på skisenteret, og vil kunne dra fordel av ny aktivitet i bakken.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP