Ved foten av vidda vil Halvor (81) bygge og bu
– Nå har eg bore flis så armane er ein halv meter lengre enn dei var då eg kom, seier Halvor Lognvik (81). Han bygger seg kårbustad.
Sjølv om det ligg rett ved fylkesvegen, er det godt gøymd, leilegheitsbygget som Halvor tenker å flytte til når sonen overtek garden.
«Det er rett nedom hotellet bortafor jordet på staulen», er vegforklaringa bladfyken får på sms. Etter litt om og men finn me nybygget med to leilegheiter og panoramautsikt mot Hardangervidda – og med byggherren i full sving utanfor.
– Det er eit utleigebygg for verdige trengande, seier Halvor – som reknar seg sjølv som heimehøyrande i målgruppa.
Han eig fem og eit halvt tusen mål mellom Austbø og Uvatn, og på lista over ting han har engasjert seg i opp gjennom åra står både hytteutbygging, lokalpolitikk og lokalradio. Nå skal sonen overta eigedomen og utvikle den vidare, og Halvor har pensjonert seg frå både radiosendingar og politikk.
Byggherre og «kuli»
Men tiltakslaus er Halvor slett ikkje. Han har vore med både i golvlegginga og oppe på taket på dette byggeprosjektet, og i dag ber han material og køyrer bort søppel.
– Eg er det du kan kalle kuli. All dritjobben som ikkje dei gidd gjere, det må eg ta. Det er slik det er, veit du, å vere byggherre, seier Halvor.
«Dei» viser til Roar Seltveit og resten av karane frå Telemark Miljøbygg, som har fått oppdraget med å seta opp bygget. Medan VTB får omvising, oppdagar dei at flisene dei har fått er feil.
– Kva er det det heiter på godt norsk? Shit happens, seier Halvor når han høyrer om feilleveransen – og så ruslar me vidare på omvisinga i leilegheitene. Dei har open løysing med enorme glasruter ut mot Hardangervidda, men også nokre smale vindaugslause tarmar.
– This is a walk-in-closet, if you have heard about that, seier Halvor. Personleg meiner han at ein har for mykje klede dersom ein treng eit skåp som er så stort at ein må gå inn i det.
– Men då ser du kven som bestemmer, seier han, med tydeleg referanse til kona Tone.
Leve av garden utan å pendle på Nordsjøen
Visjonen hans med å setje opp dette bygget er at fleire generasjonar kan bu fast på Rauland og ha arbeid på garden. At garden skal vere stor nok og ha nok moglegheiter til at den som driv den kan leve av den utan å måtte pendle på Nordsjøen. Då må ein slå saman mindre bruk til større, meiner Halvor.
– Du må ha større areal å rutte med, så du kan skape eit levegrunnlag med det bruket du har, elles er det ikkje liv laga, og ingen vil overta. Og fjellandbruket er vanskeleg å få til å funke like effektivt som på Jæren og i Trøndelag, så her må me satse på mangesysleriet. Du må du ha mange bein å stå på, viss du skal få ei utkome.
– Nå høyrer eg politikaren Halvor Lognvik?
– Ja, eg er heilt overtydd om at det er einaste måten me kan få levande bygder. Ein må ha fast busetting og utvikling, og ein må koma heim til sine på kvelden, ikkje sitje på eit anlegg borte på Vestlandet. Det er mange val å gjere i livet, og dette trur eg er den rette utviklinga, seier Halvor, og sveipar handa gjennom rommet me står i.
– Eg reknar med å bu her sjølv i ein periode, men eg håpar det blir behov for fastbuande i dette bygget i all framtid.
«Moden ungdom»
Halvor fyller snart 82, og så lenge han held koken og tygg graut er han klar for å bidraga som godt betalt potet i den framtidige gardsdrifta til sønene.
– Eg sit på all kunnskap om absolutt alt, så eg har nakketak på dei, og det er litt viktig.
Det er mangel på eigna bustadar for eldre i Vinje kommune, men Halvor ordnar seg altså bustad sjølv. Rett nok er den ikkje så veldig eigna for eldre – i alle fall ikkje den leilegheita me står i no, for her er buarealet i andre høgda. Og det er her Halvor og kona har tenkt til å bu.
– Men du reknar deg kanskje ikkje som «eldre» før du rundar hundre?
– I alle fall ikkje før, nei. «Moden ungdom» kallast ein i min alder.