annonse

Vasstrøbbel i heile Morgedal

På saka:
På saka: Teknisk etat og Kviteseid brannvesen jobbar med å finne ut kva som er grunnen til at Morgedal er tørrlagt, medan dei bidreg med vatn frå ein tankbil. (Foto: Mikkel Aanderaa)

Ein mogleg vasslekkasje har tørrlagt Morgedal.

Line Omland Eilevstjønn

Oppdatering måndag: Vasslekkasjen er under Morgedalsvegen. Teknisk eining jobbar med å reparere, og vil halde på i natt heilt til jobben er ferdig, melder teknisk sjef i Kviteseid, Kjetil Sundsdal. 

Bakgrunn

– Det er mest truleg ein vasslekkasje som er grunnen til problemet, seier teknisk sjef i Kviteseid, Kjetil Sundsdal. 

Sundag ettermiddag var han og resten av teknisk etat er i full gang med å finne rota til problemet.

– Enn så lenge er trykket i kranene veldig dårleg, men heile bygda står i fare for å miste tilgangen på vatn fullstendig medan me finn ut av meir, seier Sundsdal. 

Sundag kveld er lekkasjen framleis ikkje funnen. 

– Me har ikkje klara å lokalisere den enno, me fann ein feil men det var ikkje den store lekkasjen me ser etter. Dette er ein veldig lei situasjon. No som det har blitt mørkt må me ta pause fram til i morgon, seier Sundsdal.

– Det me har gjort no er at me har slått av hovudforsyninga fram til i morgon, men me forsyner hotellet med tankbilen. Den er me litt spente på når det frys på i natt, men dei ville naturleg nok ikkje kutte vatnet på hotellet om natta.

Han seier at det er katastrofalt når det går ut over vatnet til folk, og at slikt arbeid alltid er vanskeleg, men ekstra vanskeleg på vinteren.

– Særleg med så mykje snø som det er no, seier Sundsdal. 

Travel dag på hotellet

Hotellsjef Halstein Sigbjørn Sjølie er fornøgd med den noverande løysinga dei har funne på problemet.  

– Me finn akseptable, mellombelse løysingar enn så lenge. Litt spenning i kvardagen gjer livet verdt å leve, seier han spøkefullt. 

– Me har fullt hotell i heile dag, sidan det er «Smaken av Telemark» – ein eigen liten matfestival med lokalmat frå heile fylket. Men me klarar oss førebels, seier Sjølie. 

VTB kjem tilbake med meir. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse