Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (t.v.) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) la fram forslag om trekk i tilskota til kraftkommunar på ein pressekonferanse på Blaafarveværket. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Vasskraftkommunar skal få 3 milliardar mindre i tilskot

Regjeringa foreslår eit eittårig trekk i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar med inntekt frå konsesjonskraft.

Forslaget inneber eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman 3 milliardar kroner frå kommunar og fylkeskommunar i område med høgast straumprisar, altså Austlandet, Sørlandet og Vestlandet.

For å få ei rimeleg fordeling av trekket vil kommunane og fylkeskommunane fram til 1. desember kunne rapportere inn korleis konsesjonskrafta er disponert. Basert på innsend informasjon fastset regjeringa den endelege fordelinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje-rådmann Jan Myrekrok seier til VTB at han per nå ikkje kjenner til kva Vinje sin del blir.

Verdien av konsesjonskrafta i områda med høge straumprisar blir anslåtte til om lag 13 milliardar kroner i 2022 og 11 milliardar i 2023 – opp frå 4 milliardar i 2021. Berekninga er gjort ut frå prisanslag fastlagd i byrjinga av august i år.

Heidi Greni, som er kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet seier vi står i ein ekstraordinær situasjon der inntektene til kraftkommunane aukar frå fire milliardar i fjor, til 13 milliardar i år og 11 milliardar neste år.

– Med omfordelinga på tre milliardar i dei sørlegaste prisområda vil kraftkommune framleis oppleve minst ei dobling frå i fjor. Samtidig får andre kommunar som ikkje har kraftproduksjon men opplever enorm kostnadsvekst, eit bidrag til å dekkje desse. Dette er viktig for å hjelpe utsette kommunar med å bevare tenester og samtidig bevare legitimiteten til dagens inntektssystem, seier Greni.

– Dette er eit ekstraordinært grep regjeringa no tek, ikkje ei varig endring i inntektssystemet til kommunane, understrekar ho.

(©NPK)