Vask hender: Kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, oppmodar folk om å halde seg oppdatert på dei nasjonale retningslinene. Ho påpeikar også at det er viktig å vaske hender med varmt vatn og såpe.

– Vask hender og respekter karantenen

Kommuneoverlege i Seljord, Kine Jordbakke, oppmodar folk om å halde seg oppdatert på dei nasjonale retningslinene om koronaviruset. – Det er viktig å vaske hendene, og veldig viktig å respektere karantene, seier Jordbakke.

Situasjonen rundt koronaviruset endrar seg stadig, og derfor meiner Jordbakke det er viktig at folk held seg oppdatert på kva som er dei nasjonale retningslinene.

– Det nye nå er at alle som har vore i eit område med utbreidd smitte skal halde seg heime uavhengig av om dei har symptom eller ikkje, fortel Jordbakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge Folkehelseinstituttet er spreiinga av koronaviruset nå rekna for å vere utbreidd i enkelte regionar i fastlands-Kina, Iran, Sør-Korea og regionar i Nord-Italia og Austerrike.

Om ein skal besøke folk på sjukeheimar bør ein tenke seg nøye om. I førre veke fortalde kommuneoverlege i Kviteseid, Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, at personar med luftvegsinfeksjonar blir oppmoda om å ikkje besøke nokon på KOS (Kviteseid omsorgssenter) eller Lundenjordet. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinene. Folkehelseinstituttet ber alle besøkande og tilsette vurdere om dei utgjer ein smitterisiko for bebuarane.

Varmt vatn og såpe er best

– Talet på smitta i Noreg aukar, men førebels har det lukkast ganske bra med å hindre vidare smitte, seier Jordbakke.

Ho presiserer at det er viktig at folk respekterer reglane for karantene. Det betyr at dei ikkje må gå på jobb eller skule, unngå reiser, offentleg transport eller opphalde seg på ein stad der dei lett kan kome nær andre. Å vaske hender og god hoste- og nysehygiene er også viktig.

– Det er viktig å vaske hendene. Varmt vatn og såpe er det beste, antibac er nest best. Er du forkjølt er det best å bruke papir som ein kastar etterpå, og også då vaske hendene.

Les også
Kommuneoverlegens råd for å hindre spreiing av koronaviruset

Ring, ikkje kom

– Det er lurt at folk brukar litt tid på å lese på heimesidene til Folkehelseinstituttet, fhi.no. Dei som lurar på noko om koronaviruset kan lese mykje der, dei kan også ringe 815 55 015, og dei som mistenker at dei kan vere smitta bør ringe fastlegen eller eventuelt legevakta. Det er viktig at folk ikkje dukkar opp her om dei trur dei er smitta, seier Jordbakke.

Kan ikkje teste alle

– Per i går kveld var det tre smitta i Vestfold og Telemark, men testing held på heile tida og det tek litt tid før eit resultat blir endeleg stadfesta, seier assisterande fylkeslege i Vestfold og Telemark, Bjørg Klemetsdal.

Det er ikkje slik at alle som har lyst kan teste seg for om dei har koronaviruset, det har dei verken kapasitet eller nok utstyr til. Det blir framleis arbeidd for å stanse smitten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folkehelseinstituttet legg fram oppdatert statistikk kvar dag klokka 18.00. Nokon kommunar vel å informere om at dei har smitta innbyggarar, og andre ikkje. Dette er opp til kommuneoverlegen, fortel Klemetsdal.