Milliardglis: Jone Blikra (f.v.), stortingsrepresentant frå Telemark (Ap), Åslaug Sem-Jacobsen, stortingsrepresentant frå Telemark (Sp) og Sigbjørn Gjeldsvik, stortingsrepresentant og leiar av transport-og kommunikasjonskomiteen (Sp) var ved Elgsjø denne veka.

Varslar 2,8 milliardar kroner til ny E134-trasé. – Endeleg!

Regjeringa inkluderer ny veg på E134 mellom Saggrenda i Kongsberg kommune og Elgsjø i Notodden kommune i Nasjonal Transportplan (NTP), som kjem fredag 22. mars.

Prosjektet har ein kostnad på 2,8 milliardar kroner, og ein prosjektperiode på heile elleve år, frå 2025 til 2036.

Leiar av transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget, Sigbjørn Gjelsvik (Sp), seier i ei pressemelding at vegopprustinga vil styrke tryggleiken og betre framkoma.

Artikkelen held fram under annonsen.

– E134 er ein viktig nasjonal hovudveg mellom aust og vest, men også viktig for næringsliv i regionen og folk lokalt, seier Gjelsvik.

Stortingsrepresentant frå Heddal, Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), er naturleg nok godt nøgd med at prosjektet ligg inne i årets NTP.

– Endeleg! Ein stor dag for alle me som i årevis har kjempa for å forbetre E134 som hovudstamveg mellom aust og vest, og ikkje minst for folk i øvre del av Telemark. Dagens veg er krevjande for mange, særleg på vinteren og særleg for tungtransportsjåførar, seier ho.

– Eg er glad for at me no endelig skal få oppgradert denne delen av E134, både fordi vegen vil bli raskare og utsleppa lågare, men ikkje minst fordi denne ulykkesstrekninga no vil bli langt sikrare, held Sem-Jacobsen fram.

Også Ap-representant frå Telemark, Jone Blikra, understrekar behovet for ny veg på strekninga.

– Dagens veg har dårleg kapasitet, er bratt og har krappe kurver. Denne oppgraderinga vil utvide bu- og arbeidsmarknadsregionen Kongsberg–Notodden, seier han.

Strekninga har vedteke reguleringsplan, og er fullfinansiert i elleveårsperioden. Rekkefylgja på prosjekta i NTP blir bestemt etter porteføljestyring, men alle skal gjennomførast, seier dei tre stortingspolitikarane.

– Den nye NTP-en skal vera realistisk, og alle prosjekta som ligg i prosjektportalen til Statens vegvesen skal bli realiserte i perioden, skriv dei i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førre, altså inneverande, NTP er eit dokument som er meir ei ynskeliste enn eit realistisk styringsdokument sidan det ikkje ligg inne finansiering for alle prosjekta. Med denne planen gjer me viktige grep for å sikre den er føreseieleg og kan bli gjennomført, held dei fram.