13-åringen Eirik Lyngstad får første dose med Pfizer-vaksine på Bjerke vaksinesenter i Oslo. Foreldre må gi samtykke før barna deira blir vaksinerte, men vaksineforskar Gunnveig Grødeland er ikkje bekymra for vaksinasjonen. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Vaksineforskar: På ingen måte bekymra for å gi barn mellom 12 og 15 år éin vaksinedose

Mange foreldre må i tida framover avgjere om dei vil at barna deira skal vaksinerast mot koronavirus. Vaksineforskar Gunnveig Grødeland er ikkje redd.

Sidan barn mellom 12 og 15 år ikkje er helserettsleg myndige, må foreldre samtykkje før barna deira kan få vaksine.

– Eg er på ingen måte bekymra over å gi denne aldersgruppa ein vaksinedose. Det er likevel viktig å skilje mellom denne gruppa og dei som er yngre. Der er langt mindre vi veit, vaksinar er ikkje er godkjent, og det er mindre sjukdom, seier ho til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksineforskaren meiner det er viktig å skilje mellom barn og ungdom. Ungdom har gått gjennom puberteten, og dei har eit immunsystem som er ganske likt som dei vaksne. Dessutan er vaksinen godkjend for barn ned til 12 år.

Smitten blant barn har skote i vêret etter sommarferien. Førre veke steig ho med 174 prosent blant tenåringar, og det vart til saman registrert heile 229 smitteklyngjer i grunnskulen.

Får éin vaksinedose

Torsdag vedtok regjeringa etter tilråding frå Folkehelseinstituttet at barn mellom 12 og 15 år i Noreg skal få tilbod om éin dose med Pfizers koronavaksine i tida framover.

Årsaka til at ungdommane i første omgang får tilbod om berre éin dose, er at FHI meiner at dette vil gi godt vern mot alvorleg sjukdom, og at det er registrert færre alvorlege biverknader etter 1. enn etter 2. vaksinedose.

Den største smittebegrensande effekten blir likevel først oppnådd når det er gitt to vaksinedosar, men FHI meiner at individuelle omsyn ved å tilby unge vaksinasjon er viktigare enn samfunnsnytta ved å avgrense spreiing.

Få alvorleg koronasjuke barn

I Noreg har det fram til no vore omtrent 140 barn med covid-19 innlagt i sjukehus sidan starten av pandemien, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Det utgjer om lag 0,4 prosent av dei som får påvist koronaviruset i alderen 0–17 år.

Gjennomsnittleg tid som dei har vore innlagde, er to døgn, noko som tyder på at dei fleste fort blir friske igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Svaret veit vi faktisk ikkje 100 prosent enno, men når ein får ein infeksjon med så små konsekvensar, veit vi at det vil bli danna svært breie immunresponsar – både T-celler og antistoff – mot ulike delar av viruset. Det er ikkje dumt, svarer Grødeland.

(©NPK)