Makt: Stortingspolitikar for Ap og leiar av justiskomiteen Lene Vågslid frå Dalen er plassert på 84. plass i Kapitals liste over landets hundre mektigaste kvinner.

Vågslid er ei av landets hundre mektigaste kvinner

Kvart år lanserer avisa Kapital ei liste over Noregs hundre mektigaste kvinner. På 84.-plass er Lene Vågslid (34) frå Dalen i Tokke.

Vågslid er stortingsrepresentant og leiar av justiskomiteen og representerer Arbeidarpartiet. 34-åringen har sitte på Stortinget i over ti år, og vore leiar av justiskomiteen sidan 2017. Vågslid er den einaste frå Vest-Telemark på lista til Kapital, og er også ein av dei yngste. Over halvparten av dei hundre mektigaste kvinnene har Oslo som registrert bustad, og flest kvinner er det i alderen 50-59 år.

Det er kanskje ikkje overraskande statsminister Erna Solberg (H) som er plassert øvst på lista.