Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) kan allereie no konstatere at han er usamd i nokre av forslaga frå Inntektssystemutvalet. Utvalet kom måndag med sin rapport om korleis ein betre kan jamne ut inntektene til kommunane. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Utval: Kraftkommunar bør dele på inntektene

Kraftkommunar bør dele ein del av inntektene med resten av Kommune-Noreg, meiner eit statleg utval. Forslaget får Senterpartiet til å stegle.

Mange kommunar tener rått på skyhøge kraftprisar – medan andre betaler dyrt for straumen til skular, barnehagar og eldreomsorg.

No foreslår det regjeringsoppnemnde Inntektssystemutvalet at kommunar som har inntekter frå kraftproduksjon, havbruk og liknande skal gi 10 prosent av desse til utjamningsordninga mellom kommunane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag ligg slike inntekter utanfor ordninga, noko som skaper store inntektsforskjellar mellom kommunane, ifølgje utvalet.

– Vi foreslår ei moderat utjamning av inntektene, sa utvalsleiar Marianne Haraldsvik då ho måndag overleverte rapporten til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Senterpartiet avlyser innstilling

Forslaget får Gjelsviks partifellar til å stegle.

− Utvalet foreslår ei rekkje endringar som ville ha fungert sentraliserande og gitt lokalsamfunn mindre igjen for naturressursar som blir forvalta i kommunane deira. Vi kan allereie no avlyse store delar av Inntektssystemutvalets innstilling, seier kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet, Heidi Greni.

Gjelsvik er på si side litt meir forsiktig i ordbruken.

– Det regjeringa har vore tydeleg på, er at kommunar som stiller naturressursar til disposisjon, skal få meir igjen for det og sikrast ein rettmessig del av verdiskapinga, seier han til NTB.

Kva som er ein «rettmessig del» vil han likevel ikkje gå inn på.

– Eg vil ikkje gå inn og diskutere enkeltforslag i rapporten no, seier Gjelsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Usamd i tilrådingar

I vel to år har utvalet jobba med å gå gjennom dei ulike elementa i inntektssystemet for kommunane. Målet er at kommunane skal kunne tilby likeverdige tenester til innbyggjarane sine.

– Det er ei forventning om større likskap i tenestetilbodet. Det betyr at det ikkje kan vere for store forskjellar i inntektene, slår Haraldsvik fast.

Rapporten blir no send ut på høyring. Fasiten kjem når regjeringa legg fram kommuneproposisjonen i mai neste år.

Men Gjelsvik er allereie no usamd i enkelte av tilrådingane frå utvalet.

– Ikkje reversere

Blant dei er forslaget å fjerne grunnskuletilskotet på ein halv million kroner til kvar skule som regjeringa innførte i fjor haust.

– Vi kjem ikkje til å reversere ein politikk vi innførte for under eitt år sidan, seier han.

Gjelsvik er også kritisk til at utvalet berre foreslår ei endring av ordninga med gradert basistilskot, som «straffar» kommunar som ikkje slår seg saman.

– Dette har vi vore tydelege på at vi vil fjerne, slår han fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det aller viktigaste er korleis inntektssystemet i sum slår ut for ulike kommunar, ifølgje statsråden.

– Vi er opptekne av å vareta både små og store kommunar. Her må vi finne ein god balanse, seier han.

Bør ikkje få senke skatten

Utvalet meiner også at kommunane ikkje bør ha rett til å senke skattar etter eige ønske. Det skapte avisoverskrifter då Bø i Vesterålen i 2019 senka formuesskatten frå 0,8 til 0,35 prosent for å få rikingar til å melde flytting til kommunen.

– Skattesatsane for skatt på inntekt og formue bør vere faste satsar. Kommunane bør ikkje ha moglegheit til å endre desse, slår Inntektssystemutvalet fast.

– Det kan mellom anna føre til uheldig skattekonkurranse mellom kommunane, seier Haraldsvik.

Dersom moglegheita likevel blir halden oppe, må det sørgjast for at kommunar som reduserer satsen ikkje får kompensasjon for dette, meiner utvalet.

Det grepet har Ap-Sp-regjeringa allereie teke overfor Bø. I november i fjor vart kommunen varsla om at dei ikkje lenger ville få kompensasjon for lågare formuesskatt.

Samtidig meiner utvalet at kommunane skal få auka fridom når det gjeld eigedomsskatt, og at den gamle grensa på 7 promille – som Solberg-regjeringa senka – blir gjeninnført.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konklusjon: Fungerer godt

Hovudkonklusjonen frå utvalet er at dagens system i hovudsak fungerer godt. Men det meiner samtidig at omfanget av regionalpolitiske tilskot bør avgrensast og tilrår å skrote dagens regionssentertilskot og tilskotet til kommunar med særleg høg befolkningsvekst

Tilskota bør i større grad målrettast mot kommunar med særskilde utfordringar, heiter det.

Enkelte av forslaga, som å gi mindre støtte til psykisk utviklingshemma, kan gi store utslag og omfordelingsverknader.

– Her vil små kommunar komme dårlegast ut, medgir utvalsleiar Marianne Haraldsvik.

(©NPK)