Klassevenner: Klassevenner: Ingrid Kabbe Berdalen (t.v.), Linn Synnøve Sørlie, Anne Vinjerui og Tone Elise Svalastog går i 9. klasse på Tokke skule. Dei er glade for at skulen nå brukar MOT-programmet. Dei lærer nye ting, reflekterer, og dei slepp dei vanlege faga.

Utfordrar elevane for å bygge godt klassemiljø

Opplæringslova slår fast at alle skuleelevar har rett på eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen for når skulen skal gripe inn er lågare enn før. På Tokke skule er dei nå i gang med programmet MOT. Målet er å skape meir robust ungdom.

– Me ser at ungane er mindre robuste og meir sensitive enn før, seier rektor ved Tokke skule, Tone Lunde Skaalen.

Kva som er årsaka til denne utviklinga er vanskeleg å vere viss på, men arbeidet som blir gjort i skulen er viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet er at alle elevar skal ha det trygt og godt på skulen, seier rektoren.

MOT er ein ideell organisasjon som vart skipa i 1997 av skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss. Dei tre grunnverdiane i MOT er mot til å leva, mot til å bry seg og mot til å seie nei.

– Målet med MOT er å skape meir robuste ungdommar og ungdommar som tek eigne val og styrkar klassemiljøet, fortel sosiallærar Irene Haugland Vågslid.

– Dei må lære seg å akseptere at det ikkje alltid er like bra, slik er livet, og ein må lære seg å takle litt motgang, seier Skaalen.

MOT: MOT: Rektor Tone Lunde Skaalen og sosiallærar Irene Haugland Vågslid.

Elevane blir utfordra

Programmet er retta mot elevane på ungdomsskulen, og Tokke tok til med arbeidet i haust. Totalt skal ungdommane gjennom 12 økter, og det er Vågslid som har øktene. Dagen før har 9. klasse hatt ei økt.

– Dei blir litt utfordra. Øktene er ganske intense, dei må setje ord på ting og reflektere. Intensjonen er å bygge eit godt klassemiljø. I går stilte me spørsmålet; kan du vere deg sjølv i klassa, fortel Vågslid.

– Dei må lære seg å akseptere at det ikkje alltid er like bra, slik er livet, og ein må lære seg å takle litt motgang. Tone Lunde Skaalen, rektor ved Tokke skule.

Litt ekkelt å seie nei

Niandeklassejentene Ingrid Kabbe Berdalen, Linn Synnøve Sørlie, Anne Vinjerui og Tone Elise Svalastog kjem rett frå gym og lunsj, men i går hadde dei sin fyrste økt i MOT-programmet.

– Det var moro. Me lærte litt nytt om å bry seg om andre, stå opp for andre og seie nei til det ein eigentleg ikkje har lyst til, fortel Anne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene fortel at ei av øvingane var eit rollespel der dei var på fest og sosiallærar Vågslid hadde rolla som ein som prøvde å presse dei til å snuse og drikke alkohol. Elevane måtte øve seg på å seie nei.

– Korleis var det å seie nei?

– Litt ekkelt. Eg tenkte litt at sidan alle andre gjer det burde kanskje eg også, fortel Anne.

– Om det skjer på ein ordentleg fest trur eg kanskje me tenker over det, seier Tone Elise.

– Etterpå var eg litt letta, seier Anne.

Jentene har gått i same klasse i mange år og fortel at det er litt småkrangling i klassa av og til, men at miljøet stort sett er bra. Dei gler seg til neste MOT-økt og er klare på at det er betre enn alle dei andre faga dei har på skulen.

– Eg trur det kan hjelpe å forstå litt meir om korleis folk rundt deg har det. At me vil heller hjelpe enn at nokon har det vondt, fortel Anne.

Tokke skule: Krig og latter: Klassevenninnene i venskapleg snøballkrig.
– Eg trur det kan hjelpe å forstå litt meir om korleis folk rundt deg har det. At me vil heller hjelpe enn at nokon har det vondt. Anne Vinjerui.

Gode erfaringar

Det er nulltoleranse for mobbing i skulen, men rektor og sosiallærar vedgår at dette er vanskeleg å oppnå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På elevundersøkingar gjer me det godt på trivsel, men me har elevar som opplever mobbing og krenking. Me jobbar i forkant og set inn tiltak tidleg, fortel Skaalen.

Sentralt i MOT-kampanjen er også fokus på det positive hos eleven, gje meistringskjensle og det å sjå heile mennesket. Arbeidet med MOT er heilt i startgropa i Tokke, men Skaalen og Vågslid har trua på programmet.

– Erfaringar viser at det blir mindre mobbing og at ungdommane blir meir sjølvstendige, fortel rektor.