Unntaket frå fråværsreglane i vidaregåande skule blir forlengd

Dei mellombelse unntaka frå fråværsreglane i vidaregåande skule blir forlengd ut september.

– Så lenge covid-19 tilseier at enkelte elevar ikkje skal møte på skulen, treng vi unntak i fråværsreglane. Utan eigna unntaksreglar er det stor risiko for at smittevernreglane anten ikkje blir overhaldne, eller at konsekvensane for enkeltelevar blir urimelege, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.