Frå Oslo under fredsdagane i 1945, truleg 13. mai då kronprins Olav kom heim til Noreg, her på slottsbalkongen.Foto: Nikolai Ramm Østgaard / Arkivverket / NTB scanpix

Unikt dokumentslepp på frigjeringsdagen

Sjølv om 75-årsjubileet for frigjeringa 8. mai blir sterkt redusert av koronatiltaka, markerer Arkivverket dagen med publisering av unike dokument og bilete.

Det som no blir lagt ut på nett, er både dokument og fotografi frå frigjeringa av Noreg for 75 år sidan, eit arkiv over dei tyske soldatane som sat i krigsfangenskap, og alle fangeprotokollar, fangekort og andre register om nordmenn i politisk fangenskap under andre verdskrigen.

Den sistnemnde oversikta – eit digitalt fangeregister – blir tilgjengeleg på ei ny nettside som heiter fanger.no. Her kan ein søkje etter alle nordmenn som sat i fangenskap under andre verdskrigen. Her kan ein studere dei handskrivne originalkjeldene, dels skrivne på tysk og dels på norsk. Av og til vil du finne fotografi og fingeravtrykk av kvar enkelt fange på korta. Dette har nesten ingen sett før, opplyser Arkivverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei storhending

– Dette er ei storhending som vi veit mange har sett fram til. Dei fleste av oss har ein i familien eller vennekrinsen som var fange under krigen. No kan alle endeleg lett søkje seg fram til personane i ein database på nett og samtidig sjå og studere originalkjeldene sjølve på

Med lanseringa av fanger.no og det som allereie finst tilgjengeleg på Digitalarkivet, kan ein no få tilgang til så godt som alt som finst av registerinformasjon om nordmenn i fangenskap under andre verdskrigen.

Les også:

Tonje Skinnarland er den øvste sjefen for Luftforsvaret. Ho er stolt av familiehistoria frå Møsstrond.

Jubelscener frå 1945

Arkivverket markerer òg frigjeringsjubileet med å publisere allierte planar for frigjeringa av Noreg, dokument som viser den sivile maktovertakinga og eit utval av fotografi som viser jubelscenene i maidagane 1945.

– På ein dag som dette er det grunn til å minnast og takke dei nesten 45.000 som måtte ofre mange år av liva sine, og mange av dei måtte jo faktisk òg ofre livet i kampen mot okkupasjonsmakta. I dag er det under 50 av dei som er i live, men dei lever alle vidare i registera og arkiva – og i minnet til oss alle, seier Bolstad.

Tyske fangar

Heller ikkje fienden er gløymd i bunken med materiale som no blir gjord offentleg tilgjengeleg. Eit arkiv om «taparane» i krigen blir òg lagt ut og inkluderer opplysningar og dokumentasjon om dei meir enn 300.000 tyske soldatane som var i Noreg, og som måtte vente lenge før dei kunne reise heim til Tyskland. Her kjem det mellom anna fram hittil lite kjende opplysningar om at mange tyske soldatar måtte bøte med livet under fangenskapet i fredstid.

Dokumentsleppet 8. mai er andre delen av eit «vårslepp» som totalt omfattar nærare 100.000 sider med informasjon. Det første sleppet kom 9. april og omfatta invasjonen og hendingane som følgde dei næraste vekene etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)

Les lokale saker frå krigsåra:

Ordføraren i Lårdal ville oppmode konge og regjering til å erklære landet nøytralt: «Før ikkje fleire norske ungdomar til slaktarbenken»