Ein av fire nordmenn droppar eller utset sommarferien i år på grunn av koronautbrotet, viser ei ny undersøking. Biletet er frå Okstinden på Helgelandskysten med Træna og Hestmannen i bakgrunnen. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Undersøking: Mange nordmenn droppar eller utset sommarferien

Ein av fire nordmenn droppar eller utset sommarferien i år på grunn av koronautbrotet, viser ei ny undersøking.

Heile 26 prosent av dei 2.500 spurde seier dei heilt eller delvis kjem til å droppe eller utsetje sommarferien i år på grunn av koronautbrotet. 54 prosent seier nei og 20 prosent svarar veit ikkje/ikkje relevant, i Norsk koronamonitor frå Opinion.

Det er dei under 30 år som i størst grad seier dei droppar eller utset sommarferien i år, der meir enn kvar tredje oppgir dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg er det mange som enno ikkje veit kva dei gjer eller uansett har andre planar, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion.

Men det er ikkje berre årets sommarferie som står i fare. Over fire av ti nordmenn (43 prosent) fryktar at også sommarferien deira til neste år kan bli påverka av koronasituasjonen. Her svarar 38 prosent nei og 19 prosent veit ikkje/ikkje relevant.

Askheim seier han trur det er fleire grunnar til at mange fryktar for sommaren òg neste år.

– Det eine er at koronaepidemien kan halde fram, det andre er korleis ulike turistmål i utlandet handterer situasjonen i 2021, og dessutan at også privatøkonomi og ein tøffare arbeidsmarknad framover speler inn på framtidige ferieplanar, seier Askheim.

(©NPK)