Desse portane er i båe endar av Mælefjelltunellen fram til opninga i desember. På dagane er dei opne, sidan tunellen er full av arbeidarar. No ser Statens vegvesen seg nøydde til å låse dei, då det har blitt observert bilistar som har ignorert sperringar og skilt som fortel dei at tunellen er stengt.
Desse portane er i båe endar av Mælefjelltunellen fram til opninga i desember. På dagane er dei opne, sidan tunellen er full av arbeidarar. No ser Statens vegvesen seg nøydde til å låse dei, då det har blitt observert bilistar som har ignorert sperringar og skilt som fortel dei at tunellen er stengt.

Ulydige bilistar køyrer ulovleg gjennom Mælefjelltunellen

Tunellen mellom Århus og Gvammen opnar ikkje før i desember, men alt no er det bilistar som føretek ulovlege prøvekøyringar. – Det er strengt forbode, seier Vegvesenet.

Statens vegvesen region Sør tek opp saka på Facebooksida si. Dei er redd det kan skje ulykker då tunellen enno er ein anleggsstad. 

– Det er strengt forbode å kjøre inn i Mælefjelltunnelen, skriv dei. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har blitt observert fleire bilar som ikkje har teke forbodet på alvor. Vegvesenet ser difor inga anna løysing enn å låse tunellen på Gvammen-sida. Det er no gjort. 

– Årsaka til at me ikkje vil ha trafikk i tunellen er openbar. Det er ein anleggsstad. Dette betyr at det framleis føregår eit betydeleg arbeid der inne, og me ønskjer ikkje at det skal skje ulykker på grunn av ulovleg trafikk. Med ujamne mellomrom vil det stå maskinar og lagra ustyr midt i vegen, skriv dei vidare.  

– Dei ignorerer skilta med vilje

Tor Arvid A. Gundersen i Statens vegvesen seier at tryggleiken til arbeidarane i tunellen er fyrsteprioritet. 

– Poenget er at det er eit anleggsområde. Det er heilt tydeleg. Ein må ville bryte forbodet, og ein må med vilje ignorere skilta. Slike portar som ein ser på bildet er i båe endar av tunellen. Dei har stått opne når det har vore arbeidarar inne i tunellen, og det er desse arbeidarane som har sett bilar kome køyrande. Det er ikkje mange, men det er uansett ikkje lov, seier Gundersen.   

Han er skuffa over at bilistar ikkje tek omsyn til skiltinga, og seier at det er heilt openbart at det er ein stengt veg. 

– Vegen er ikkje ferdig. Det er ikkje ljos der. 9,4 kilometer er langt utan ljos. Alle som køyrer i tunellen i den standen den er i no, må bli kursa i å bevege seg i ein tunell som er eit anleggsområde. Kva forhold dei som har køyrt der ulovleg har til fartsgrenser veit jo ikkje me, så det er litt skummelt. Dei som køyrer der lovleg har ein sterkt redusert fart, seier Gundersen.  

Han seier at det ikkje er store snarvegen enno heller, med tanke på at den midlertidige brua på Gvammen er borte. 

– Det blir veldig krøkkete å bruke den som snarveg då, avsluttar Gundersen.