Kan leverast inn: Sist gong var i 2017. No opnar regjeringa for at ein kan levere våpen anonymt att. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ulovlege skytevåpen kan leverast anonymt frå nyttår

Frå nyttår kan du levere inn ulovlege våpen til politiet utan å risikere straff. Regjeringa innfører våpenamnesti frå 1. januar til 1. juni.

– Våpenamnestiet er eit svært godt høve for den enkelte til å levere inn våpen og på den måten bidra til å førebyggje kriminalitet og ulykker med skytevåpen. Våpen kan hamne i feil hender, til dømes i kriminelle miljø, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ei pressemelding.

Det er som regel våpen frå den andre verdskrigen, arvevåpen eller våpen frå dødsbu som blir leverte inn. Dette kan vere tidlegare uregistrerte våpen eller registrerte våpen frå dødsbu.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa opplyser at ein kan søkje om å få erverve våpenet lovleg etter det er levert inn, få løyve til å selje det, eller få deaktivert våpenet slik at det blir ubrukeleg og kan behaldast.

Dersom våpen blir leverte for destruksjon, kan dette gjerast anonymt.

Amnestiet gjeld òg for ammunisjon, sprengstoff, granatar og for ulovlege våpen som ikkje er skytevåpen, som til dømes elektrosjokkvåpen, ulovlege knivar og tåregass.

Førre gong det var innført våpenamnesti (2017) vart det innlevert over 88.000 skytevåpen, nesten 7 tonn sprengstoff og 30 granatar.

Det var våpenamnesti også i 2008 og 2003/04. Då vart det levert inn høvesvis 13.600 og 35.700 våpen.

(©NPK)