Rådyrjakt går føre seg ofte i kantsoner, gjerne i skogbelte ned mot dyrka mark. Jaktområda er ofte nært tettbygde strøk og kan skje heilt inn mot byområde. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Tysdag går startskotet for jakta i haust

Rådyrjakta startar 25. september. Samtidig er det ope for jakt på rådyrbukk frå og med 10. august. Dermed går startskotet for jakta i haust allereie tysdag.

– Dette er starten på den beste tida i året, og eg kan absolutt tilrå bukkejakt. Det er både spennande, vanskeleg og meiningsfullt. Ei god regulering av stammen gir mange friluftsopplevingar, sunt kjøtt og reduserer talet på viltpåkøyrslar, seier fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget.

Rådyrjakt går ofte føre seg i kantsoner, gjerne i skogbelte ned mot dyrka mark. Jaktområda er ofte nært tettbygde strøk og kan skje heilt inn mot byområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sesongen 2019–2020 vart det totalt felt 31.920 rådyr i Noreg.

(©NPK)