TV-aksjon blir utan bøsseberarar

Ingen kjem til å banke på døra di i samband med TV-aksjonen i år. NRK har vedteke at aksjonen berre skal samle inn pengar via digitale løysingar i år grunna smittevern.

– Vi står i ein ekstraordinær situasjon som krev ekstraordinære tiltak. TV-aksjonen vert kalla den største dugnaden i verda og har samla inn meir enn 9 milliardar kroner sidan oppstarten i 1974. No er det i tillegg ein annan dugnad vi alle må stille opp på, og det betyr at det ikkje vil bli gjennomført ein dør-til-dør-bøsseaksjon i år, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i NRK til eigen kanal.

Det betyr likevel ikkje at TV-aksjonen ikkje er avhengig av frivillig arbeid og engasjement.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit annleis-år, og vi trenger alle gode krefter lokalt og nasjonalt for at vi også i år kan gjennomføre ein fantastisk aksjon, sjølv utan å gå fysisk med bøsse, seier leiar for TV-aksjonen, Vibecke Østby.

TV-aksjon går i år til WWF, Verdsnaturfondet, og har fått namnet «Eit hav av moglegheiter». Pengane skal gå til å nedkjempe plastproblema i verdshava.

(©NPK)