Nytt anlegg: Kommunen krev at DNT installerer nytt avlaupsanlegg ved Mogen turisthytte før den kan opne.

Turiststyret møtest til veka. Kommunen krev nytt avlaupsnett før sommarsesongen

Formannskapet i Vinje vedtok torsdag at DNT må ferdigstille nytt avlaupsanlegg ved turisthytta på Mogen før sesongstart i vår.

Tidlegare denne veka skreiv VTB om klaga frå Den norske turistforeininga (DNT) på eit vedtak frå administrasjonen i Vinje kommune. Administrasjonen vedtok å stenge avlaupsanlegget til Mogen turisthytte og påla DNT å installere nytt avlaupsanlegg før turisthytta på Mogen opnar for sesongen. Årsaka er at anlegget ifylgje kommunen «ikkje lenger er lovleg», og administrasjonen viser til at naboar til turisthytta har klaga på ureining og luktproblematikk over fleire år.

Rådmannen viser til at det framleis er tre månader til sesongstart – tid nok til å få på plass eit nytt anlegg, og at kommunen skal «legge til rette for rask handsaming».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alternativt må DNT (Den norske turistforeininga) utsette sesongstart inntil nytt anlegg er opna og klart til bruk, skreiv Vinje-rådmann Jan Myrekrok i saka.

Tok ikkje klaga til fylgje

I klaga på vedtaket viser DNT til at dei har ein realistisk framdriftsplan for nytt anlegg i 2024, og at byrda på reiselivet blir betydeleg dersom turisthytta blir stengt denne sesongen.

– Med Mogen stengt vil mesteparten av næringsgrunnlaget til Fjellvåken falle bort. DNTs representantar i Fjellvåken ser ikkje at det er grunnlag for vidare drift av Fjellvåken i 2023 dersom Mogen er stengt, skreiv konstituert dagleg leiar i DNT Telemark, Helga Bjerke Drøyli, i klaga til kommunen.

Då saka var oppe i formannskapet torsdag, var politikarane delte. Nils Ole Lien (Sp) kom med framlegg om å gje DNT frist til 1. august 2023 for å få på plass nytt anlegg, men dette fall med tre mot fire røyster mot rådmannens tilråding. Vedtaket blei altså:

«Klaga vert ikkje teken til følgje. DNT må planlegge og gjennomføre med det som mål at ny sesong på Mogen startar opp med nytt avlaupsanlegg.»

Bjerke Drøyli fortel til VTB at ho er kjend med vedtaket frå formannskapet og at dei skal ta det opp i styremøtet tysdag.

– Inntil då har eg ingen kommentar utover at me sjølvsagt tek vedtaket frå kommunen til fylgje, seier ho.