Trur smitten kjem frå Oslo: Tysdag vart ein innbyggar i Vinje kommune stadfesta smitte av korona. Kommunen har gjort smittesporing, og ordførar Jon Rikard Kleven fortel at dei meiner smitten kjem frå Oslo.

Trur smitten kjem frå Oslo

I går stadfesta Vinje kommune at ein person i kommunen er smitta av koronaviruset. Smitten kjem truleg frå Oslo.

Det skriv Vinje-ordførar, Jon Rikard Kleven på Facebook i dag, onsdag.

– Smittesporing er gjort. Årsak til smitte er truleg funne og er vurdert til å kome frå Oslo. Personar i kommunen som er i nærkontakt med smitta person er sett i karantene. Desse følgast opp dagleg av helsetenesta i Vinje kommune, skriv Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilstanden til vedkommande er ukjent, men personen er innlagt på Sjukehuset i Telemark.

Kleven opplyser at det nå er tatt 40 smitteprøver i Vinje kommune, og peikar på to årsaker til at det ikkje er tatt fleire testar; testkapasiteten på sjukehus er avgrensa, og det er ikkje poeng i å teste personar som ikkje har symptom på sjukdomen. Ein person som er smitta, men som ikkje har symptom, kan gje ein falsk negativ test.

Har rekna på utbrotet i Vinje

Vinjeordføraren fortel også at kommuneoverlegen har gjort ein grov analyse ut frå makrotala til Folkehelseinstituttet (FHI), og rekna dei om til Vinjemålestokk. Han understrekar at dette er grove og generelle tal frå nasjonal prognose etter ein modell kalla BREMS, der FHI reknar at ein sjuk person smittar 1,3 andre personar.

Har rekna: Kommuneoverlege Marius Opsahl har grovrekna på korleis utbrotet av korona kan bli i Vinje.
Makrotala rekna om til Vinje-tal

Del menneske som blir smitta: 42 prosent

Av dei smitta, del som blir sjuke: 33 prosent

Av dei sjuke, som må på sjukehus: 4 prosent

Av dei som må på sjukehus og som treng intensiv behandling: 25 prosent

Rekna om til Vinje med 3676 innbyggjarar:

Tal på smitta: 1544 personar

Tal på dei som blir sjuke: 510 personar

Behov for sjukehusbehandling: 20 personar

Intensiv behandling: 5 personar.

– Sjølv om dette er grove tal, kan det gje innbyggjarane eit bilete av omfanget vi planlegg for, skriv Kleven.

– FHI legg til grunn ein dødlegheit på under 1 prosent av smitta, og 90 prosent av dei som døyr er over 70 år. For Vinje vil det utgjere 16 døde av koronavirus, og av dei døde vil 14 av dei 16 vere over 70 år.

– Alle tiltaka me har gjort i Vinje kommune – både førebyggande og beredskapsmessig – er for at vi skal få sjukdomsutviklinga i kommunen i eit så langsamt tempo at me kan handtere behandling og smittesporing på ein god måte. Då treng me hjelp frå alle som bur i kommunen. De må fylgje karantenereglane i Vinje, de må vaske hender, halde avstand og vent med festar og store samkomer.

– Dette må vi gjere saman. Takk! avsluttar ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ein person frå Åmot er stadfesta smitta av koronaviruset