Uroa: Halvannan månad har gått sidan seljordordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) var med å opne Mælefjelltunnelen. Sidan då har mange køyrt fort gjennom tunnelen, men Eide trur no på automatisk trafikkontroll for å hindre ei alvorleg ulykke.

Trur på automatisk trafikkontroll i tunnelen

Ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide (Sp) har stor tru på at det no vert innført gjennomsnittsmåling i Mælefjelltunnellen.

Ho er svært glad for signala som kom frå samferdselsminister Knut Arild Hareide på Dagsnytt 18 på NRK måndag. Der trekte Hareide konkret fram ein stad, nemleg Mælefjelltunnellen, som ein aktuell stad å bruke såkalla streknings-ATK.

– Dette lovar veldig bra. Statsråden var godt oppdatert på ekstremkøyringa i tunnelen og hadde tydelegvis lese innspela han har fått frå oss, seier Eide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren seier ho har stor tru på at det no kjem på plass automatisk trafikkontroll, og at ein kan få bukt med ekstremkøyringa før liv går tapt.

Det er blitt målt fleire bilførarar i hastigheiter rundt 130–140 kilometer i timen kvar veke, og enkelte opp i 200 kilometer i timen.

Les også
Torsdag blei ein bilist målt til 204 kilometer i timen gjennom Mælefjelltunnelen

– Dette kan snart ende i tragedie om det ikkje tek slutt, seier ein bekymra ordførar.

– Å få innført gjennomsnittsmåling et det mest konkrete og effektive verkemiddelet ein har for å redusere fart og skadde og drepne i trafikken. Me håpar ministeren sine signal raskt vil føre til at vi får dette på plass i tunnelen vår, held ho fram.

I januar vedtok formannskapet i Seljord å be Samferdselsdepartementet snarast gje løyve til å innføre streknings-ATK (gjennomsnittsmåling) i Mælefjelltunnelen.

I ettertid har dette blitt støtta frå fylkestrafikksikerheitsutvalet i Vestfold og Telemark fylkeskommune og Hjartdal kommune. Politiet og Statens vegvesen har saman med kommunen ynskt dette heile tida.

Les også
Høg fart kan føre til automatisk trafikkontroll i Mælefjelltunnelen
Les også
Politikarane ynskjer automatisk trafikkontroll
Les også
Politiet: – Det er trist om det må skje ei dødsulykke før noko skjer