Aktivitetshelg i Bø: Tristan Hafredal-Melby (t.v.) frå Porsgrunn og Remi Kleiv Haugen frå Kviteseid hadde det moro i klatreparken.

Triveleg aktivitetshelg i Bø

– Når ein ikkje ser nokon ting, er det imponerande å sjå Tristan Hafredal-Melby frå Porsgrunn og Remi Kleiv Haugen frå Kviteseid svinge seg rundt høgt oppe i klatreparken, seier dagleg leiar i blindeforbundet i Telemark, Terje Weber.

Noregs blindeforbund avdeling Telemark melder at ein herleg gjeng med barn og unge var samla til aktivitetshelg i Bø tidlegare i august.

– Det var full fart i Sommarland og fleire var skikkeleg tøffe og klatra heile runden i klatreparken Høyt og lavt, fortel dagleg leiar i Noregs blindeforbund Telemark, Terje Weber.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når ein ikkje ser nokon ting, er det imponerande å sjå Tristan Hafredal-Melby frå Porsgrunn og Remi Kleiv Haugen frå Kviteseid svinge seg rundt høgt oppe i klatreparken, legg han til.

Weber rettar ein stor takk til ledsagarane Emma og Henrik Holmegård frå Kviteseid.

Han fortel vidare at sykling var ein annan aktivitet som var populær i Bø.

– Det blei mange rundar og her måtte alle bidra med å trå. Gjengen overnatta i hytter og laurdag kveld var det samling på Pizzafjoset der det blei servert god mat, seier Weber.

Han fortel at aktivitetshelga har blitt ein fin tradisjon der familiar med barn som har nedsett syn kjem saman i Bø. Han sender også ein stor takk til Svalastog-legatet og Vestfold og Telemark fylkeskommune for økonomisk støtte til arrangementet.