Tre turlag samarbeider. Laurdag var dei på sin fyrste fellestur
Hestenutane på Skorve – 1280 meter over havet – var fyrste turmålet til dei tre turlaga.
Seljord, Notodden og Hjartdal turlag inviterte til sin fyrste samarbeidstur laurdag 27. juni. Tre spente turdeltakarar tok imot dei 20 turglade deltakarane – i tillegg til to firebinte. Med strålande vêr i vente, visste dei før start at det kom til å bli ein varm tur.
Rune Haugholmen fortalde om ruta gjennom Bygdardalen, Finndalen, Høna og til Hestnutane.
Nokon av dei som deltok var kjente fjes, nokon kom frå andre DNT-foreiningar, og to hadde aldri vore med på fellestur før.
– Det var ein superfin gjeng. Me skjønte tidleg at dette kom til å bli ein magisk dag, oppsummerer dei tre turleiarane Nina Sleperud, Rune Haugholmen og Mirjam Thorkildsen Schade.
Den fyrste etappen gjekk til Skorvestova Høna om lag 2,5 kilometer opp i lia. På grunn av varmen blei det lagt opp til korte gåetappar og hyppige drikkestopp. Etter ein matpause, tok dei igjen beina fatt og starta å gå innover Finndalen. Her opna det seg eit landskap frodig og vakkert. Deltakarane kunne nyte synet, rusle roleg og ta inn inntrykka til dei kom til Hestenuttjønna. Her var det planlagt Base Camp.
– Det var nå dei verkelege utfordringane starta. Her skulle me opp ei bratt fjellside, med berre litt lyng å halde oss i. Dette var ei utfordring ikkje alle var sikre på at dei ville klare, fortel turleiarane.
Dei sette frå seg sekkane, og tok berre med det mest nødvendige av mat og drikke. Alle hjelpte kvarandre for å nå det same målet.
Alle dei 23 la i veg og kom opp og fram til målet; det tyske flyvraket. Her blei det ein god matpause, mange bilde og til og med ei lita yoga-økt, leia av Haugholmen.
– Slik er det å vera på fellestur, seier turleiarane mede eit smil.
Alle kom seg ned att til Base Camp og sekkane. Rett nok ein smule slitne og skjelvande i beina etter å ha gått på «skrått» nedover, men med stavar og god tid snirkla dei seg ned att.
Etter litt påfyll starta sjarmøretappen til Høna ned gjennom Finndalen i roleg tempo. Der dukka ho opp att; Høna – til jubel frå nokon. Men kvifor det heiter Høna, har ikkje turleiarane svar på.
Her var den siste pausen, før nedstiginga gjennom skogen og til bilane.
Dei som deltok var frå Notodden, Asker, Larvik, Skien, Drangedal, Tønsberg, Hjartdal, Kongsberg, Rjukan, Vinje, Midt Telemark, Enebakk og Seljord.
– Dei som imponerte oss mest var Bjørg Gotehus (78) og Bjørg Kristiansen (76). På denne turen gjekk me meir enn 800 høgdemeter og nesten 13 kilometer. Det var varmt og det var krevjande. For alle. Ikkje eit feilsteg og lette på foten nærast dansa dei på stien, oppsummerer imponerte turleiarar som takkar for ein super dag i varmen.