Tre personar som oppheld seg i Vinje kommune er stadfesta smitta

I tillegg til to koronasmitta personar på ei hytte i kommunen, blei det onsdag stadfesta at ytterlegare ein person som oppheld seg i Vinje er smitta.

Det melder Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven i si statusoppdatering på Facebook onsdag kveld.

Personen som testa positivt onsdag kveld er smitta i samband med utanlandsreise og har vore i reisekarantene etter ankomst Vinje. Det blir jobba med smittesporing.

Ordføraren skriv elles at ingen personar busett i kommunen er stadfesta smitta.