Tre personar har fått påvist koronasmitte

Seljord kommune fekk tysdag melding om at tre personar har fått påvist koronasmitte, og alle er i isolasjon.

Det melde kommunen på heimesida si tysdag.

– Det er to ulike smittevegar, informerer Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide tysdag kveld, og legg til at vedkomande er smitta utanfor kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile meldinga frå Seljord kommune:

«Seljord kommune har i dag fått melding om at tre personar har fått påvist koronasmitte, og alle er i isolasjon. Smittesporing er gjennomført, nærkontaktar er varsla og vil bli testa.

Ved Seljord barne- og ungdomsskule er ein tilsett og to elevar nærkontaktar. Mange tilsette og elevar er av den grunn i ventekarantene. Beredskapsleiinga har difor bestemt at heile Seljord barne- og ungdomsskule er stengt i morgon, onsdag 12.5.21, og alle elevane har undervisningsfri.

Når ein er i ventekarantene gjeld dei same reglane som i vanleg karantene. Det er ikkje naudsynt for personar i ventekarantene å teste seg, men dersom ein utviklar symptom på Covid-19 må ein kontakte helsesenteret for testing. Familien til personar i ventekarantene kan møte på skule og arbeid som vanleg.

Det vert dei næraste dagane avklart om dette vil påverke gjennomføringa av 17. mai-arrangementet.

Ein oppmodar alle til å fylgje med på heimesidene og Facebooksidene våre for oppdatert koronainformasjon.»