Bortgøymd: Teisberg ligg heilt for seg sjølv inne i ein liten dal. Det er kring fem kilometer til bygdesentrumet.

Tre gardar er til sals i bygda – og ein fjerde kan du prøvebu

Det er vanlegvis ikkje så lett å finne ledige hus i Øyfjell, og draumen om ein gard går som regel berre i oppfylling om du arvar den. Men 2024 er ikkje eit vanleg år. No står moglegheitene nærast i kø.

Tre øyfjellsgardar vil koma på marknaden i løpet av kort tid. Dei ligg alle i nærleiken av bygdesentrumet der ein har grendehus, skule, barnehage og butikk.

Mest for seg sjølv ligg Teisberg, kring fem kilometer frå sentrum. For å koma hit tek ein av frå Fiskestigen, og innkøyrsla snirklar seg innover i ein dal, forbi ei lita tjønn og opp på berget. Her er får ein verkeleg kjensla av å vere heilt for seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigar av Teisberg er Ånund Sørbø. Han skal flytte nordover, og sel derfor familiegarden.

– Her på Teisberg har me faktisk Noregs mest høgtliggande almeskog, fortel Sørbø og peikar mot fjellveggen som rammar inn den eine sida av dalføret.

– Eg trur ein kunne planta frukttre også der borte.

Flytter: Ånund Sørbø flytter nordover og sel derfor familiegarden Teisberg. I tillegg sel han bustadhuset sitt, som ligg på ei utskilt tomt nede ved Fiskestigen. I bakgrunnen på biletet er den varme fjellveggen der det veks alm.

Mest sentralt er Kyrkjebø. Garden ligg, som namnet seier, på bøen ovanfor Øyfjell kyrkje, og vegadressa er Kyrkjevegen.

Til Kyrkjebø høyrer også gardsbruket Nordbø, og dei to bruka vert selt samla, opplyser eigar Vidar Sæther.

Den tredje garden som kjem for sal vert ikkje omtalt nærare etter ønskje frå eigaren.

I sentrum: Garden Kyrkjebø ligg sentralt til bygda. I bakgrunnen ser ein Øyfjell kyrkje. Frå Kyrkjebø er det kring ein kilometer til skule, grendehus og butikk, og ein halv kilometer til barnehagen.
Ein av tre: Kyrkjebø er ein av tre gardar som kjem til sals i Øyfjell om kort tid.
Tilleggsbruk: Saman med Kyrkjebø seljast også Nordbø.

For den som ikkje er klar for å kjøpe eit gardsbruk finst det også råd, for Vinje kommune har over tid samarbeida med ulike aktørar i lokalsamfunnet for å få på plass ei ordning der ein kan «prøvebu eit småbruk».

Det er no klart at det fyrste småbruket i prøvebu-satsinga vert Bergland, som også ligg i Øyfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prøve fyrst: Er ein ikkje huga på å kjøpe seg gard, så kan ein i staden «prøvebu» småbruket Bergland, som ligg langs Trovassvegen ende før leirstaden Trovassli.