Tre døde med korona i Vinje

Ordførar Jon Rikard Kleven ynskjer å uttrykke si djupaste medkjensle med dei som har mista ein av sine næraste.

Vinje kommune sende måndag ut denne pressemeldinga:

– Vinje er dessverre ramma av dei fyrste koronarelaterte dødsfalla i kommunen. Av personvernomsyn vil ikkje kommunen gå ut med meir informasjon enn at det er snakk om tre eldre personar, alle med underliggjande sjukdommar. Dødsfalla er relatert til smitteutbrotet i Edland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjer inntrykk når kommunen har fått sine fyrste offer for koronaviruset. Ordførar Jon Rikard Kleven ynskjer å uttrykke si djupaste medkjensle med dei som har mista ein av sine næraste.

– Tankane mine går no til den næraste familien og pårørande, skriv ordføraren.

Ordførar Jon Rikard Kleven seier til Varden at utbrotet oppstod då ein Edland-bebuar som var innlagd på Sjukehuset Telemark i Skien, i slutten av desember tok med seg smitten heim.

– Dette enda opp i eit stort smitteutbrot som sørgde for at det på det meste var 22 smitta innanfor eit lite område, seier Kleven.