Trailer blokkerte vegen i Åmotsdal

Eit vogntog sperrar nesten heile Fv503.

Like før klokka 16.00 fredag ettermiddag melder politiet om ein semitrailer som har køyrt i grøfta i Åmotsdal. 

Ingen skal vera skada, men traileren sperrar nesten heile vegen. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går så vidt å passere for annan trafikk, opplyser politiet på Twitter. 

Etter om lag to timar var traileren berga. Føraren fekk køyreforbod, då han ikkje hadde helse til å legge på kjetting sjølv.