Trafikkulykke ved Haukeliseter

Politiet melder på Twitter at det ikkje er snakk om ei alvorleg ulykke, men at ein bil blei påkøyrd bakfrå torsdag ettermiddag ved Haukeliseter fjellstue på E134 i Vinje.

Det var tre barn og to vaksne involvert i ulykka, og naudetatane vart kalla ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle er ute av bilane. Det som skal ha skjedd er at den eine bilen bremsa ned for ein sau. Det fekk ikkje bilen bak med seg, og køyrde inn i bilen framfor, sier operasjonsleiar Øystein Eikedalen i Sør-Aust politidistrikt til avisa Varden.

Varden melder vidare at politiet er på veg til ulykkesstaden.

– Det er litt reiseveg opp dit, men det skal ikkje vere ei alvorleg ulykke. Skadestaden er sikra. Det betyr at me føler oss rimeleg sikre på at det ikkje skal oppstå nye ulykker på staden, sier Eikedalen til Varden.