Det er vatningsforbod i Seljord ut veka.

Totalforbod mot vatning i sentrum – og grilling på festivalen

I Seljord sentrum er det innført totalforbod mot vatning heile denne veka. Det er for å sikre nok vatn til alle når vassforbruket aukar i countryhelga.

Publisert Sist oppdatert

– På grunn av sterkt aukande vassforbruk og for å sikre nok vatn til alle innbyggjarar og festivaldeltakarar, vert det i veke 30 innført totalt vatningsforbod i Seljord sentrum-området, står det i eit Facebook-innlegg på nettsida til kommunen. 

Når veka er over gjeld dei tidlegare vatningsreglane, nemleg at ein kan vatne med handhalden hageslange mellom klokka 19.00 og 23.00 annankvar dag. Dei med husnummer som har partal kan vatne på datoar med partal (0,2,4,6,8), og dei med oddetalshusnummer kan vatne på datoar med oddetal. 

Grillforbod på festivalen

Det er totalforbod mot grilling på Countryfestivalen i Seljord.

På Countryfestivalen i Seljord er innført totalforbod mot grilling på grunn av tørre jorde. Det melder festivalen på nettsida si.

Dei ber gjestene om å vise ekstra aktsemd og ta omsyn. I tillegg ber dei folk om å vere forsiktige med sigarettsneipar. På camp ber dei folk bruke ein behaldar med vatn til sneipane, på området ber dei gjestene om å bruke oskebegera som er der.

Powered by Labrador CMS