Tone Susanne blir Senterungdomen sin ungdomskandidat

Telemark Senterungdom har valt Tone Susanne Kvasjord (26) frå Fyresdal som sin ungdomskandidat til stortingslista for Telemark Senterparti.

Det melder partiet i ei pressemelding.

Kvasjord jobbar som assistent ved Gimle skule/SFO og har lenge vore aktiv i Senterpartiet og Senterungdommen. Ho har særleg markert seg med sitt engasjement for betre psykisk helse og deltek også i ungdomsarbeid i kyrkja og i brukarutvalet ved Rehabiliteringssenteret AiR på Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I haust deltok ho i sine første skuledebattar for Senterpartiet og bidrog til at partiet blei størst på Vest-Telemark VGS. Ho leia også ein engasjerande valkamp for Fyresdal Senterparti med humor, pågangsmot og klare standpunkt for lokalsamfunnet, melder partiet.

Telemark Senterungdom er stolte av valet og meiner Tone Susanne vil løfte fram ungdomsperspektivet i politikken.