Heimvegen: Ein tømmerbil skapte litt ekstra utfordringar i kleivane opp til Vrådal onsdag ettermiddag.

Tømmerbil på tverka i kleivane. – Godt løyst

Passasjerane måtte ut av bussen og inn i ein annan buss då ein tømmerbil sperra vegen i kleivane opp til Vrådal. Men bussen vart likevel nesten ikkje forseinka.

– Me vart nesten ikkje forseinka. Godt løyst, fortel Kristin Daly, som var passasjer på bussen.

Bussen kom frå Seljord og hadde også med seg skuleelevane frå Kviteseid skule. Då dei møtte den store tømmerbilen som stod fast midt i ein sving måtte alle passasjerane ut av bussen og inn i ein annan buss som venta over svingen, fortel Daly som var på veg til Treungen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Litt typisk spenning i vinterkvardagen, fortel Daly til VTB.

Det er ikkje fyrste gong ein stor bil får trøbbel i kleivane. Også tysdag sperre ein trailer vegen ei stund og måtte få hjelp av bergingsbil.

Fekk trøbbel: Onsdag fekk ein tømmerbil trøbbel då han skulle opp til Vrådal.