Tokke opphevar dei lokale reglane frå i dag

Kommuneoverlegen og rådmannen i Tokke ville forlenge den lokale forskrifta til over påske, men politikarane vedtok i dagens formannskapsmøte å oppheve forskrifta frå i dag klokka 18.

Det betyr det at det ikkje lenger er lokale reglar i Tokke kommune, men ordførar Jarand Felland (Sp) skriv på Facebook at dei sterkt vil oppmode folk om å unngå å ta unødige fritidsreiser.

– Dei nasjonale reglane om hytteforbod for personar utanfor kommunen gjeld fram til måndag 20. april. Ein bør også unngå å samlast fleire enn fem personar, melder ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innstillinga frå administrasjonen/kommuneoverlegen var at forskrifta skulle forlengast fram til måndag 13. april kl. 15 og så avsluttast. Formannskapet vedtok med 4 mot 3 røyster å avslutte forskrifta frå onsdag kl. 18. Det var eit vedtak som kommuneoverlegen meinte var forsvarleg, melder ordføraren.

I statusrapporten skriv ordføraren elles:

I Tokke har kriseleiinga hatt møte stort sett kvar morgo frå kl. 09–10 digitalt på Microsoft Teams. Møte er leia av rådmann John Kleiv. Her deltek kommunalsjefar, beredskapsleiar Olav Bjørn Bakken, kommuneoverlege Lars Håvard Eriksen, personalsjef Niina Laksonen, rådgjevar Tommy Vadder samt varaordførar og ordførar.

Det har vore gode diskusjonar og informasjonsutveksling i møta. Rådmannen har leia møta på ein inkluderande og fin måte.

På vegner av kommunestyret har eg i dag gjeve ein blom til alle i kriseleiinga for framifrå innsats så langt. Kriseleiinga vil vere i beredskap i heile påska om noko spesielt dukkar opp.

Formannskap

Formannskapet vil møtast kvar veke i tida framover. Neste veke blir det møte onsdag 15. april ca. kl. 13. Her vil det bli orientert om ulike saker; som korleis opning av barnehagar og skular skal skje, korleis kan vi i Tokke hjelpe næringslivet best mogleg og kva bør skje med arrangement framover som 17. mai feiring.

I ei krisetid er det viktig med tverrpolitisk forståing og informasjon om korleis Tokke kommune best bør handsame dagens spesielle situasjon. Kanskje bør alle politiske parti kunne vera med i eit forsterka formannskap med møterett og talerett. Varaordførar og eg vil såleis lufte moglegheita for at SV og KrF sine representantar i kommunestyret også bør kallast inn til møte i formannskapet.

Kommunestyre

Det skal vere eit digitalt kommunestyremøte tysdag 21. april. Det ser ut som det vil vera ganske mange saker til møtet, om lag 20 saker. Det skuldast blant anna at førre kommunestyremøte den 17. mars blei avlyst og sakene frå det møtet må opp i aprilmøtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

God Påske

Takk til alle tolmodige sjeler i Tokke om dagen. Tusen takk til alle tilsette i Tokke som gjer ein utruleg god jobb om dagen. Vi politikarar får tilbakemelding om at folk er godt nøgde.

Målet vårt er at folk skal føle seg godt ivareteke og at ein får tilstrekkeleg informasjon.

Håper alle kan senke skuldrene litt på trammen i påska med ei appelsin og ein kopp kaffi. Tida er no komen for mange gode telefonsamtaler, kanskje særleg til dei av oss som bur åleine.

God Påske.