To personar redda ned av Kistenuten

Laurdag kveld vart Vinje Haukeli røde kors kalla ut i ein redningsaksjon for å hjelpe to personar som sat vêrfaste på ei fjellhylle på Kistenuten.

Politiet i Sør-Aust melde på Twitter at dei to personane hadde kontakta politiet og bede om hjelp til å kome ned. Dei hadde med seg mat og var godt utstyrt.

Tidleg sundag morgon opplyste operasjonsleiar Trond Egil Groth til TA at mannskap frå røde kors var på veg ned med dei to personane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kistenuten er eit fjell på grensa mellom kommunane Ullensvang i Vestland, Vinje i Vestfold og Telemark og Suldal i Rogaland, og ligg på Hardangervidda og Ryfylkeheiane.

Kistenuten er Rogalands nest høgaste topp, og turen er 19 kilometer. Delar av turen er ikkje merket, det er anbefalt å ta med kart og kompass. Namnet på fjellet kjem av at forma på fjellet lignar ei kiste, kan ein lese på Ut.no.