To personar som oppheld seg i Vinje kommune er smitta av covid-19

Måndag morgon varsla Vinje-ordførar, Jon Rikard Kleven, at to personar som oppheld seg i Vinje kommune er stadfesta smitta av covid-19. Ingen av personane er busette i kommunen.

Tidlegare har det vore to smitta personar på ei hytte i Vinje, men desse er nå friskmeldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den eine smitta personen er ein person på ei hytte, og i tillegg vart det i førre veke meldt at ein person oppheld seg i Vinje og er smitta i samband med ei utanlandsreise.

Smittesporing er gjort, skriv Kleven på Facebook.