Like i klesvegen, ulike i matvegen: Åshild (til høgre) likar lasagne, medan Maren likar taco, kjøttkaker, vårrullar og kyllingsalat. Men NB: Det spørst heilt på årstida. Foto: Isak Slettebø

To niandeklassingar på jobb i VTB

Sidan måndag har bladstova hatt to unge medarbeidarar med på laget. Det er Maren Tveiten (15) og Åshild Hovden Eikland (14) frå Kviteseid skule som har arbeidsveke.

Jentene er ikkje konfirmerte eingong, for det blei koronautsett til hausten. Men båe har røynsle frå ulike typar arbeid: klessal, idrott, SFO og reinhald. I sommar skal Åshild arbeida på Kviteseid-kaféen Hvidesøe, medan Maren held fram på Elizabeth Mote, der ho har arbeidd i fleire omgangar.

Denne veka har dei vore utplasserte i veslebladet og fått alle slags oppgåver.

– Kva har de gjort så langt her i VTB?

– Me har vore på fleire intervju, på Brunkeberg skule, på sommarskulen i Seljord, på Kvito og hjå Gjensidige. Så har me reinskrive intervjua på kontoret, seier Maren.

Artikkelen frå Brunkeberg skule ligg alt ute på nett.

– Og i dag har me redigert video og hjelpt mediegrafikaren med å brekka sider, legg Åshild til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva likar de best med jobben?

– Intervju er moro, og ombrekking. Me har fått gjort mykje forskjellig, det er kjekt, seier Åshild.

– Kva er yndlingsfaga dykkar på skulen?

Maren: – Norsk og samfunnsfag.

Åshild: – Eg likar alle faga eigentleg, særleg matte. Eg er ikkje så glad i engelsk og tysk.

Maren: – Eg likar ikkje matte så godt, og ikkje tysk heller.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og kva er livretten dykkar?

Åshild: – Lasagne.

Maren: – Må eg seia éin matrett? Det spørst heilt på årstida. Om sommaren likar eg kyllingsalat.

Åshild: – Det er berre godt på sommaren altså?

Maren: – Ja. Våren er litt vanskeleg. Kanskje taco? På vinteren må det bli kjøttkaker med brun saus og jordeple. På hausten ...

Åshild: – Dette blei komplisert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Maren: – Hm ... jau, vårrullar! Dei som Besta lagar.

– Kva vil de bli når de blir store?

Maren: – Kanskje journalist? Eller politi, men då må eg ut av Kviteseid.

Åshild: – Ville du vore politi berre på sommaren då?

Maren: – Då eg var fem, ville eg bli politi eller brannmann, men då må du kanskje opp klokka 03 om natta? I så fall har eg ikkje så lyst.

Åshild: – Å stå opp klokka 03 og sløkkja ein brann kunne vel ha vore gøy det?

Maren: – Eg vil ikkje bli tysklærar iallfall.

Åshild: – Eg vil gjera noko utradisjonelt. Kanskje vera ambulansesjåfør, eller ambulansemedarbeidar? Eg ville ikkje hatt ein jobb der eg måtte sitja inne på eit kontor heile tida.

– Kva saknar de på skulen?

Åshild: – Livredning. Og økonomi og budsjett. Det hadde me sikkert hatt bruk for seinare i livet.

Maren: – No har me arbeidsveke. Me kunne kanskje hatt meir av det. For i dag har eg null peiling på kva eg vil gjera framover. Om me fekk prøva fleire yrke, hadde eg kanskje visst det betre.

Åshild: – Ja, i staden for berre ei veke i 9. klasse kunne me hatt det ein gong kvart halvår frå 8. klasse til dømes.

Nøgde med arbeidsveke: Jentene veit ikkje kva dei skal bli når dei blir store, men ambulansemedarbeidar, brannmann, politi og journalist er ting dei har tenkt på. Foto: Tone Tveit