Audun Aasmundtveit.

To elgar påkøyrd på to dagar

Onsdag og torsdag døydde to elgar etter samanstøyt med køyretøy.

Det melder miljø- og utmarkskonsulent Audun Aasmundtveit i Kviteseid kommune.

På kvelden onsdag 26. august vart det påkøyrd ein liten elgstut på fylkesveg 358 rett aust for Heimdal i Nissedal. Viltnemnda vart varsla og rykte ut, og elgen døydde i smellen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagen etter, på kvelden torsdag 27. august, vart det påkøyrd ein liten stut på E134 ved Stamperud i Brunkeberg. Viltnemnda vart varsla og rykte ut, og elgen vart avliva då dei kom fram.

Begge hendingane skjedde i titida på kvelden.

– Me minner folk om å vera obs no som det blir tidlegare mørkt om kveldane, seier Aasmundtveit.