To dømde for ulovleg avliving av rådyr

To menn er dømde til fengselsstraff for å ha avliva eit påkøyrt rådyr ved å rygge over det med lastebil i Telemark.

Ein mann i 50-åra er dømd til 24 dagars fengsel og ein mann i 30-åra er dømde 16 dagars fengsel for ulovleg handtering av avliving av dyr.

Bakgrunnen var eit påkøyrt rådyr på Tinnegrendsvegen i Notodden. Dei to mennene kom tilfeldigvis til staden like etter ulukka, og dei bestemte seg for å hjelpe til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje tiltalen la den eine av dei ei lastereim om halsen på dyret og slepte det ut i vegbana, slik at den andre kunne rygge over hovudet til rådyret med lastebilen sin.

Dei dømde forsvarte seg med at dei handla som dei gjorde for å ende lidingane til dyret så raskt som mogleg. Dyret hadde brekt alle beina, og det blødde frå auge og munn, har dei forklart.

(©NPK)