Brunost-turisme har blitt populært. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Tine vil satse vidare på profilering av lokalmat - kan vurdere chèvre frå Haukeli

Etter suksessen med lokal profilering av G35-brunost for turistar i Gudbrandsdalen, vil Tine no vurdere liknande prosjekt i andre regionar.

– Vi ser at forbrukarane er meir og meir opptekne av lokal og kortreist mat. Vi ser òg at historia bak produktet er viktig, seier kommunikasjonsrådgjevar i Tine, Olav Håland, til Nationen.

Denne sommaren har Tine eit prosjekt der turistar får høyre om og smake den lokalproduserte brunosten G35. Ungdommar frå området Lom og Skjåk har som sommarjobb å vere «brunost-ambassadørar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Håland kan det framover bli liknande prosjekt i andre regionar der meierisamvirket profilerer lokale matspesialitetar, som til dømes Selbu Blå, brie frå Dovre og chèvre frå Haukeli. Dei opplever at forbrukarane set pris på dette.

Tine skal evaluere brunost-prosjektet saman med kommunen etter sommaren.

– Vi er opne for eit liknande samarbeid andre stader med lokalt engasjement, seier Håland.

(©NPK)