Arbeidarpartiets Bjørnar Skjæran (Ap) seier regjeringa gir 21 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal bidra til bustadbygging i distrikta i 2024. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Tilskotsordning til bustadbygging i distrikta får 21 millionar

Regjeringa gir 21 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal bidra til bustadbygging i distrikta i 2024.

– Dette er eit tilskot som går til kommunane for å utvikle den kommunale bustadpolitikken. Det rettar seg mot tre ulike tiltak. Det eine er tiltak til bustadsosiale tiltak, det andre er tilskot til bustadtiltak i distrikta og det tredje er tilskot til leigebuarorganisasjonar, seier Bjørnar Skjæran (Ap) til NRK.

I fjor innførte regjeringa ei ordning for bustadbygging og for byggjenæringa i distrikta. Husbanken tok då imot 40 søknader, der 14 av dei til saman fekk 8,5 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei mest utprega distriktskommunane vi har, kan søkje. For Nordland treffer det heile 35 av dei 41 kommunane og er eit godt verktøy for å styrkje bustadbygginga i desse kommunane, seier Skjæran.

(©NPK)