Tilrår bruk av munnbind innandørs på offentleg stad

Både i Vinje og i Seljord er det nå tilrådd å bruke munnbind innandørs på offentleg stad.

Det melder båe kommunane på sine heimesider.

– Seljord kommune rår alle til å bruke munnbind innandørs på offentleg stad som butikkar, serveringsstadar, bensinstasjonar og bussar/taxi. Dette gjeld ikkje barn under 12 år eller dei som har ein medisinsk grunn til å ikkje nytte munnbind. Seljord kommune følgjer alle nasjonale tilrådingar for smitteverntiltak, skriv Seljord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På grunn av påvist mutert koronavirus på Austlandet og for å forhindre smittespreiing rår Vinje kommune til at alle over 12 år brukar munnbind innandørs på offentleg stad. Gjeld t.d. butikkar, serveringsstader og bensinstasjonar, er meldinga frå Vinje.