Til sjukehus etter å ha blitt sparka og slått
Politiet undersøker kva som har skjedd i samband med ei valdshending på Countryfestivalen i Seljord i natt.
Politiet fekk like før klokka 01 i natt melding om ein person som har blitt sparka og slått i andletet. Personen blei køyrd til sjukehus for behandling. Politiet er på staden og snakkar med vitne og undersøker kva som har skjedd.
Klokka 02.23 melde politiet at dei har kontroll på ein mann i 20-åra som er mistenkt. Han blei lokalisert på ei bustadadresse i sentrum.