Natt til søndag 30. oktober klokka 03:00 skal klokka stillast éin time tilbake i tid. Det er då slutt på sommartid for i år, og normaltid fram til 26. mars neste år.Foto: Jil Yngland / NTB

Tida er inne for å stille klokka

Natt til søndag skal klokka stillast éin time tilbake. Vi går no over frå sommartid til normaltid.

Om du har ei analog klokke ståande på nattbordet må du natt til søndag 30. oktober klokka 03:00 hugse å stille klokka éin time tilbake i tid. Vi er då tilbake til normaltida vår, altså vintertid, som ligg i sonen UTC+1.

Noreg hadde sommartid første gong i 1916, deretter i 1940-1945, 1959–1965 og så kvart år sidan 1980.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er framleis uklart kor lenge vi skal halde fram med normaltid og sommartid. Noreg ventar no på at EU-landa skal ta stilling til eit forslag som inneber at ein skal slutte å stille klokka.

Sverige, Danmark og Finland har same type ordning som oss med sommartid, men det har ikkje Island og Russland.

Den historiske grunnen til sommartidsordninga var energisparing. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol som skulle brukast i krigen. Det blir sagt at George Hudson var den første som foreslo sommartid. Han var forskar og ønskte seg meir sol på kvelden for å drive med insektsamling.

Om du slit med å hugse kva veg klokka skal stillast, er ein god hugseregel at ein på våren ser fram til sommaren, og dermed stiller klokka fram. På hausten derimot lengtar ein tilbake til sommaren, og stiller klokka tilbake.

Klokka skal stillast til sommartid igjen natt til 26. mars 2023.

(©NPK)