Klar: Slangen ligg klar. Bare å tappe, skriv Terje Haugland på Facebook.

Terje inviterer seljordingane til å hente vatn: – Slangen heng på porten. Bare å tappe

– Tungvint med ureint vatn.

Det skriv Terje Haugland frå Flatdal på Facebook. Han strekkjer ut ein arm til seljordingane som må koke vatnet etter at det måndag blei påvist bakteriar i vatnet. Kommunen har sett i gang kloring og ber alle som er tilknytt vassverket om å koke vatnet.

Dette gjeld ikkje abonnentane i Flatdal og Åmotsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Treng du drikkevatn på grunn av trøbbel i Seljord, så kan du kome til Flatdal og tappe deg ein dunk eller kopp. Slangen heng på porten. Bare å tappe, skriv Haugland på Facebook der han har lagt ut eit bilde av vasslangen utanfor huset som ligg tett inntil den gamle E134.

– Det er vel ikkje sikkert det kjem så mange, men eg veit kor krise det kan vera å ikkje ha vatn, seier Haugland til VTB, som oppmodar andre i Flatdal til å gjera det same.

Les også
Har funne bakteriar i vassprøver. Nå må alle koke vatnet