Temakveld på grendehuset: Mange møtte fram då Odd Gunnar Sanden frå Vinje ambulanse held føredrag. På nyåret blir det truleg fleire temakveldar om helse.

Temakveld om hjernebløding og hjarteinfarkt

– Alle treng oppfrisking i fyrstehjelp, og minne oss på at det er betre å ringe etter hjelp ein gong for mykje enn la vere, seier leiar av Sanitetslaget i Vrådal, Nina Krossli. Førre veke hadde laget temakveld. Leiaren sakna fleire unge på møtet.

Torsdag kveld hadde leiar av Vrådal sanitetslag invitert tidlegare kollega i ambulansetenesta i Vinje, Odd Gunnar Sanden, til å halde føredrag på grendehuset.

– Tema var to alvorlege livstilsjukdommar som hjernebløding og hjarteinfarkt, fortel Krossli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho seier at tilhøyrarane blei fortald om symptom og behandling, kva som er viktig å tenke på, og kva ein som pårørande eller vitne bør gjere.

– Eg tenker at me alle treng oppfrisking i fyrstehjelp, og minne oss på at det er betre å ringe etter hjelp ein gong for mykje enn la vere å ringe. Og ein skal vite at symptom kan vere ulike ved kjønn, altså andre symptom på brystsmerter for kvinner enn menn, seier Krossli.

Ho skulle ynskt fleire unge hadde møtt opp til temakvelden.

– For dette handlar ikkje bare om eldre menneske, det kan skje i alle aldrar. Det har både eg og mine tidlegare kollegaer erfart, seier Krossli.

Gåve frå banken: Inger Auestad (t.v.) gav pengegåve frå Sparebanken Sør til Kari Straand i styret til Grendehuslaget i Vrådal.

Nye stolar frå banken

Under temakvelden vart det også overrekt ein gåvesjekk til grendehuslaget frå Sparebanken Sør.

Kari Straand som er sekretær i grendehuslaget, fortel at dei søkte banken om støtte til innkjøp av nye stolar i fjor.

– På grunn av koronapandemien tok innkjøpet litt tid, men på temakvelden fekk me både takke Sparebanken Sør for pengegåva på 30 000 kroner og sitje på nye stolar på grendehuset, seier Straand.

Straand fortel at grendehuslaget har kjøpt 80 nye stolar til 100 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå er kassa vår tom, og me jobbar vidare med å søke støtte, seier ho.